søndag 1. desember 2013

Kva tenkjer vi om skulen?

Kva er ein god skule? Nokre vil sikkert hevde at prinsippa for ein god skule er dei same uavhengig av tid. Det kan vere mykje rett i det vel og merke i den forstand at det endelege og overordna målet er at det skal gå føre seg læring på skulen. Elevane skal trivast og det skal vere eit godt læringsmiljø. Men kva er så eit godt læringsmiljø? Vil eit godt læringsmiljø vere likt i år som det var for femti år sidan? Ja vil nok ein også kunne seie til dette spørsmålet. Kanskje vil ein driste seg til å hive på nokre ord om disiplin. Men handlar eit god læringsmiljø berre om disiplin? Elevane skal vere motivert for læring og følgjeleg gå inn for oppgåvene med liv og lyst. Ein snakkar om å få til ein kultur der det er ikkje er sosialt risikabelt å vere god. Det skal vere godt å vere god og det skal også opplevast godt å ikkje vere fullt så god. Alle skal finne ein plass der det er godt å vere og der ein finn støtte i kvarandre og ikkje minst læraren. Ein skal strekke seg etter nye mål og utvikle seg sjølv. Med andre ord skal eit godt læringsmiljø både legge til rette for og ikkje minst ha takhøgd for både å lukkast, feile og reise seg igjen både fagleg og sosialt.

Ansvarleg for at alt dette skal skje er læraren. Så korleis bør læraren fylle denne rolla? Gjennom tidene har både lærarrolla og synet på lærarrolla endra seg. Politiske vindar har snudd og endringar har skjedd på bakgrunn av meir eller mindre velgrunna argumentasjon frå politisk hald. Ein har nytta forsking og ein har avvist forsking. Har lærarrolla i dag gjennom desse prosessane mista sin profesjonalitet og autoritet? Om den har det, kva skjedde så på vegen? Korleis kan vi som lærarar endre på eit slikt bilete og eventuelt slik få tilbake vår eigen profesjonalitet?  Korleis kan skulen som system reise seg og få tilbake respekt? Korleis skal ein som leiar i skulen utvikle skulen slik at vi får elevar som trivest og er motiverte for læring, og ikkje minst lærarar som er profesjonelle og engasjerte?

Eller...Kva er synet på skulen i dag?  Er skulekvardagen slik som nrk framstiller han i «Lærerne?»


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar