Tankar om skule og leiing. Primært er bloggen ein del av eit studieløp på BI. Tankane som blir delt vil vere knytt til gitte oppgåver. Så får tida vise om den etterkvart byrjar å leve sitt eget liv...
søndag 1. desember 2013
Frå årsaker til handling
Bakteppet for dette tankespinnet er to inspirerande forlesingar med Thomas Nordahl og Knut Roald.
Eit sentralt omgrep både hos Knut Roald og Thomas Nordahl er ansvarleggjering av læraren som leiar. Læraren er ansvarleg for at det skjer læring i klasserommet og at det vert tilrettelagt for dette både fagleg og sosialt. Ein kan snakke om ulike årsaker til at klassen eller elevar ikkje fungerer som går på karakteristikkar av enkeltelvar eller utfordrande elevgrupper. Men det er framleis læraren sitt ansvar at dei ulike når sitt potensiale og at læringsmiljøet er godt. Kan ein då tillate seg å fråskrive seg ansvaret og skulde på at elevane er uengasjerte, umulige eller frekke? Eg håpar dei fleste svarer nei. Grunnar ein alt i årsaker hos elevane har ein både som lærar og skule tapt. Kva er då igjen av profesjonen? Nordahl framhevar at kjernen i godt leiarskap er å nå den ein leiar. Så korleis nå elevane der dei er? Ein når dei ikkje ved å skildre kva situasjonen er og eventuelt slenge på ein karateristikk av typen du er lat og bør skjerpe deg. Då har ein lagt ansvaret hos eleven. Spørsmål ein heller bør stille seg er korleis ein kan betre vilkåra for den enkelte elev slik at nettopp denne eleven skal føle seg sterk og dyktig. Korleis få elevane til å tru at dei kan meir enn dei trudde?
Dette er kvar enkelt lærar sitt ansvar, men også eit ansvar skulen har som organisasjon. Det er ikkje mine eller dine elevar, men våre. Skulen sitt ansvar ligg i å skape best mogeleg vilkår for læring for heile elevgruppa. Og det er kanskje her ein møter ein av dei største utfordringane. Korleis fungerer skulen som organisasjon for å ansvarleggjere kvar enkelt lærar samtidig som skulen som organisasjon jobbar mot eit felles mål? Har vi ein god nok kultur for organisasjonslæring? Jobbar vi saman i eit yrkesfellesskap mot å betre eigen praksis slik at elevane får betre undervisning (Roald 2013)? Er det eit system som har elevane i fokus der vi opent kan diskutere strategiar og framgangsmåtar slik at vi kan rettleie kvarandre fram til ein betre praksis? Eller skaper vi einsame ulvar som finn opp hjulet gong på gong i klasserom etter klasserom…
Frå årsaker til handling
Er vi dyktige nok til å å hente fram den indre kapasiteten i skulen? Jobbar vi saman i team der vi er gjensidig avhengige av kvarandre (Hjertø 2013) slik at vi på best mogeleg måte hentar fram kompetansen til kvar enkelt lærar og slik skaper ein samla auka kompetanse og betre læringsutbytte for elevane?
I eit arbeidsfellesskap med mange dyktige kollegaer opplever eg at det er stort rom for å dele erfaringar med kvarandre. Men skjer det læring i denne erfaringsutveklslinga? Roald løftar fram empiri som peikar på at skulen som system gjerne har ein kultur for erfaringsutveksling, men at det normalt ikkje skjer læring i denne erfaringsutvekslinga, altså skjer det ingen endring av atferd eller om ein vil endra undervisingspraksis. Ein går altså ikkje skritta vidare frå erfaringsutveksling og rein informasjon til handling. Ein skildrar situasjonar og gjerne kva som kan bli betre men ein går ikkje forbi kausaliteten. Ein stoppar istaden ved informasjonen. Dette er ein kvardag som eg trur mange med meg kan kjenne seg igjen i. Ein manglar den systemiske tenkinga ved det å gå frå kva kan vi bli betre på til konkret korleis gjer vi det betre. Samstundes set han peikefingeren på at det kan vere enkelt å fokusere på kva som er feil heller enn å finne dei tusen tinga som fungerer. Også her trur eg han kastar lys over typiske trekk ved enkelte skular.
Kvifor er det slik? Eg kan vere freista til å komme med ei heil rekke årsaker som tidsbruk, samarbeidstid og andre rammevilkår for lærarar. Dette vil jamføre tankerekka ovanfor heller ikkje føre fram, men strande i kausaliteten. Vidare kan eg vere freista til å skulde på samfunnet og at lærarar som gruppe har mista ein del av autoriteten, og lat oss for all del ikkje tru at det stemmer, men saman med det kanskje mista trua på eigen kompetanse og profesjon? Vågar ein ikkje sjå på eigen kompetanse men plasserer ansvaret heller hos elevar eller rammevilkår i organisajonen? Har dette ført til at undervisninga går føre seg bak lukka dører der forbetringskapasiteten kun er avhengig av den enkelte lærar sin individuelle kapasitet og kulturen for samarbeid avgrensar seg til reint organisatoriske oppgåver? Om så er, kva kan vi gjere?
Eg trur vegen å gå for mange skular nettopp ligg i å hente fram kapasiteten til den enkelte lærar og å anerkjenne kompetansen kvar enkel lærar sit med. Ein må skape ein kultur der det er rom ikkje berre for elevar å vere gode, men også for den enkelte lærar å vere god.Vi må lytte til kvarandre og saman utnytte styrkane til kvar enkel lærar. Jamføre Senge (1990) bør "deltakarane i organisasjonen jamleg utvikle evna til å skape ønskte resultat, der nye og ekspansive tankesett blir framelska, der kollektive ambisjonar får spelerom, og der menneska kontinuerlig lærer om korleis ein lærer saman". Det handlar om at skulen som organisasjon jobbar mot å skape eit felles tankesett og begrepsapparat som ein kan handle ut frå for å nå eit felles mål. Ein må som skuleleiar vere tydeleg på felles elevar og ansvar for resultat. Det handlar om å gjere både elevar og lærarar gode.
Til ettertanke...
Litteratur:
Thomas Nordahl og Ole Hansen (red).2012. Dette vet vi om klasseledelse. Gyldendal Akademisk
Kjell B. Hjertø. 2013. Team. Fagbokforlaget.
Knut Roald. 2012. Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring. Fagbokforlaget.
Peter Senge
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei
SvarSlettInteressant blogginnlegg, mange gode refleksjoner :)
June
Flott innlegg med mange gode tanker. Enig at det er viktig at vi som lærere bidrar også til å utnytte hverandres styrker. Sammen kan vi lettere gjøre hverandre og elevene gode......
SvarSlettHei Laila-Sofie!
SvarSlettMange slående poenger i innlegget ditt. :-) Du har et godt "driv" i teksten din. :-) Puh!!! :-) Læreren er utrolig viktig som leder. Vi må unngå å falle for fristelsen å skylde på alt og alle utenfor oss selv. Det er bare å brette opp ermene og ta "styringa",
Veldig bra å fokusere på den enkeltes lærer sine sterke sider, det er nettopp det vi også skal gjøre overfor våre elever. Eksempelets makt, sier nå bare jeg. ;-)