
A long time ago in a galaxy far, far away…Då skulen var svaret på sosial reproduksjon og einaste vegen til sann kunnskap var...
Vi
har feila
JohanFrom si skildring av den norske skulen er skremmande og tankevekkande. Han
skildrar ein skule som har misslukkast i si gjerning. Han skildrar ein skule
som ikkje tek ansvar for elevane si læring. Ein skule som
ikkje har fokus på hovudmålet i skulen, å fremme elevane si læring. Pisa resultata viser at kunnskapsnivået i til dømes mattematikk hos ungdomsskuleelevane er skremmande
lågt samanlikna med andre land. Det er berre oljen som reddar oss. Norge som
kunnskapsnasjon har feila. Vi er ikkje lav måls, vi er under lav måls (Johan Froms skoleblogg).
Sosial
reproduksjon
Og
ikkje nok med det. «Enhetsskolen» som vi er så stolte av er slett ikkje ein
skule som gir alle like mogelegheiter. Det er ein skule for dei middelmåtige,
utan gode nok tilbod både for svake og sterke elevar som treng tilpassing
fordi dei ikkje har utbytte av ordinær undervising. Enden på visa er sosial reproduksjon og stort
fråfall i vidaregåande skule.
Å
kunne endre liv
Og From har rett. Skulen har eit stort forbetringspotensiale.
Kvar dag når eg går på jobb ser eg ting som kunne og burde vore annleis. Eg
ser også at vi ikkje evner møta alle elevane der dei er. From løftar fram
skulen som den viktigaste arenaen for å endre liv. Til å gje menneske valfridom
og mogelegheit til å ta eigne val ut frå evner, uavhengig av bakgrunn. Dette
handlar om verdival seier From. Eit val om at skulen er viktig, skulen kan
endre liv. Her tenkjer eg From har rett, det viktigaste ein gjer som lærar er å
ta eit verdival.
Som skuleleiar må ein ha klart for seg kva
samfunn ein vil ha. Samtidig må vi vite at jobben vi utfører i skulen er
essensiell for kva samfunn vi får. Er det viktig å utjamne skilnandane, skal bakgrunnen til elevane ha tyding for om dei tek høgare utdanning? Det er viktig, skule er viktig. Alle
elevar har rett til å bli møtt der dei er, og møte god undervisning som gjer dei
i stand til å velje ut frå evner og ikkje bakgrunn.
Best
i verden
Medisinen
er enkel. God undervisning. Kva er så god undervisning? Hattie har talfesta det. Læraren er essensiell. Og Hattie har målt effektstørrelse. Ein
av dei viktgaste faktorane for elevane sitt læringsutbytte er ein positiv og
støttande relasjon mellom elev og lærer (Hattie 2012). Og tru det eller ei, her er vi best i
verden jamføre ICCS.
Om norske ungdommar ikkje scorer i toppen
på Pisa og TIMMS scorer norske 25 åringar veldig høgt på refleksjonsevne, demokratiforståing,
innovasjon og entrepenørskap (ICCS, PISA). Dette viktige eigenskapar for å
overleve og klare seg bra i samfunnet.
For å gå tilbake til toppen av innlegget,
Pisa er ein del av dette bildet, men ikkje alt. God undervising er alt, men
Pisa måler ikkje alt. Kven måler, kva måler vi og kva vil vi? Og det viktigaste;
kva samfunn vil vi ha? Kva elevar vil vi ha? Vi treng ansvarsbevisste
samfunnsengasjerte menneske med demokratiske verdiar og forståing for kva som
ligg i å være ein god samfunnsborgar. Der er vi gode og det skal vi ta vare på. Det betyr likevel ikkje at vi ikkje treng å bli betre.
Ein
skule som ikkje er i utvikling er i avvikling
Dette
er overskrifta i Tankar og orda til Truls Olaussen Sætrang, politisk nestledar i Elevorganisasjonen. Korleis forhindre at den norske skulen er
i avvikling?
God undervisning er å gje elevane kunnskap nok til å handle klokt, å kunne bruke kunnskapen sin med klokskap slik at dei blir kompetente. For å klare dette må vi som skuleleiarar anerkjenne at synet på kunnskap og kompetanse er i endring.
June Breivik viser til Bell, og skildrar ei radikal endring på kunnskap og kompetanse frå det
industrielle samfunnet til det digitale
samfunnet. Kunnskap er ei ferskvare. Kunnskapen er heile tida i endring. Det du
pugga i går er nødvendigvis ikkje relevant i dag. Dette betyr at vi må endre
undervisinga til i større grad handle om å øve opp evna til kritisk sans, slik
at elevane kan handtere informasjonsstraumen. Vi må dyrke det å vere nyfiken og i større grad tillate å fordjupe seg i emner dei er spesielt interesserte i. Det eksisterer ikkje lenger grenser for kva ein kan lære.
Samtidig må vi glede oss over at vi kan nå ut
til elevane gjennom ein ny måte å tenke kunnskapsformidling på. Elevane lever i
eit samfunn der den som meistrar forteljarkunsten best vinn fram. I kva grad
vi anerkjenner dette avgjer om vi har ein skule i utvikling eller avvikling. Den
digitale røynda gir mogelegheiter for å nå elevane gjennom visuelle og auditive
kanalar som lettar innlæringa og skaper moglegheiter for kunnskapsformidling og
tilpassa opplæring langt utover det trykte mediet.
Som skuleleiarar og lærarar må vi
stimulere til samarbeid og kunnskapsdeling. Ein viktig del her er digital
kompetanse. Vi må anerkjenne at vi har tilgang til all verdas kunnskap. Vi må
lære vekk å bruke denne med klokskap. Som skuleleiarar kan vi ikkje godta at
lærarar ikkje innehar denne kompetansen. Vi kan heller ikkje godta at vi ikkje
har tilgang på digitale verktøy i klasserommet.
Det
som skil eit geni frå eit ordinært menneske er evna til å stille dei rette
spørsmåla
Dette bør være målet for god undervising. Og eg er samd med Breivik i at dette krev
store endringar i synet på undervising og på lærarrolla. På
ein framifrå måte samanliknar Breivik den nye lærarrolla med Yoda frå Star Wars,
som eit ledd mellom menneska og maskinene. Læraren må være Yoda, den kloke, som
stimulerer til kreativitet, til å stille dei rette spørsmåla. Fremme evna til å stille nye spørsmål som har tyding
for framtidig vekst. Vi må vekk frå standardiserte testar der ein måler kunnskapen inn og kunnskapen ut i kortsiktig perspektiv.
Dette hjelper oss ikkje. Tvert om hevdar ei rekke anerkjente forskarar at standardiserte testar lik PISA er i ferd med å øydelegge skulesystema (OECD and Pisa Test are damaging education world wide, Yong Zhao, Ubøe).
Kunnskap må bli til kompetanse. Vi må legge til
rette for å utdanne elevar til å bli det spesialrådgievar Per Koch i innovasjon
Noreg kallar kompetente vaksne (Kunnskap er ikke det samme som kompetanse).
![]() |
| Photo By Mark Rain via http://imagefinder.co/ |
Eg
vil gjere ein forskjell eg vil endre liv eg vil vere Yoda.
Yong Zhao til ettertanke.
En skole i avvikling?
Litteratur trykt:
Hattie, John 2012. Visible learning for teachers. New York: Routledge
Lenker:
http://www.bi.no/om-bi/ansatte/institutt-for-kommunikasjon-og-kultur/from-johan/
http://jfskole.blogspot.no/
http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2010-2011/meld-st-22-2010--2011/4/1.html?id=641268
http://www.forskning.no/artikler/2008/juni/184459
http://www.findanexpert.unimelb.edu.au/display/person428067
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/2009/5/ICCS_kortrapport.pdf
http://www.oecd.org/pisa/test/
http://www.timss.no/
http://www.utdanningsnytt.no/4/Meny-B/Grunnskole/Utviklingsarbeid/Norske-elever-er-nest-best-i-Norden-i--helt-ny-PISA-undersokelse/?mode=print
http://junebre.blogspot.no/
http://en.wikipedia.org/wiki/Daniel_Bell
http://www.theguardian.com/education/2014/may/06/oecd-pisa-tests-damaging-education-academics
http://zhaolearning.com/2014/04/12/how-does-pisa-put-the-world-at-risk-part-5-racing-to-the-past/
http://www.bt.no/meninger/kronikk/Pisa-rapporten-er-uten-interesse-3020529.html#.U3nxdNLDv-t
http://innovasjonsbloggen.com/2013/01/11/kunnskap-er-ikke-det-samme-som-kompetanse/
Bilete:
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=U5nepSM7Lm8
https://www.youtube.com/watch?v=zDZFcDGpL4U

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar