(fritt oversatt, Hundertwasser)
Alle kan bli best, ja alle blir best, lat
oss berre… Ja, lat oss teikne opp nokre rette strekar for kva som er god skuleleiing,
årsak-virkning. Det er enkelt, det finst ein fasit. Følgjer vi denne får vi
lærande elevar og lærande organisasjonar med berre himmelen som øvste grense.
Alle kan bli best, alle blir best – lat oss berre finne desse rette strekane.
Ein
leiar som leitar etter dei rette strekane blir aldri ein god leiar
Dei rette strekane finst ikkje. Ein god
leiar er ein leiar som evner sjå det komplekse, som evner å tilpasse sin praksis
etter dei fargerike enkeltelementa og
klarer å sette disse saman på ein god måte. God leiing er kunst. Ja, då kan eg kanskje gi
opp då? Eg har det kanskje ikkje i meg? Nei, eg trur hardt arbeid lønner seg,
enten eg er den fødde kunstnar eller ei.
Eg har eit inderleg ønskje om å bidra til å
skape ein god skule for alle. Og det finst mykje litteratur om god skuleleiing som kan hjelpe meg på vegen mellom anna Robinson (Student-centered leadership), Roald (kvalitetsvurdering som organisasjonslæring) og (skoleutvikling i praksis), Schein (Organizational culture and Leadership) og Senge (The fifth disipline). Desse kan hjelpe meg å sjå landskapet og
navigere. Men det er eg som må skape verket, det finst inga oppskrift. Til
forskjell frå kunstmalaren kan eg ikkje velje fargar og komposisjonar uavhengig. Eg
må få personane til å velje meg og vere med meg på vegen. Det er ikkje mitt
bilete, men saman kan vi skape vårt bilete, berre slik får vi eit vakkert
resultat, ein god skule. Kva inneber så
dette for meg og min praksis?
Leiinga
sitt gylne snitt- Tillit
Eg må ha tillit. For å få tillit i ein
kunnskapsorganisasjon, som skulen, poengterer mellom anna Strand (2007) og Robinson (2011) at eit avgjerande punkt er kunnskap, ein må kunne noko om kjerneaktivitetane i
organisasjonen, elevane si læring. Ein får tillit gjennom å
kunne noko meir enn dei andre, ein får tillit i form av ekspertkompetanse. Eg
må altså ha inngåande kjennskap til kva som fører til auka læring hos elevane,
kva er gode læringsaktivitetar og god praksis. Eg må med andre ord kjenne til
kva faktorar som har effekt på læring eksempelvis Hattie (Visible learning) og kva som er god klasseleiingNordahl (div. publikasjoner), Ogden (div. publikasjoner).
Å
produsere eit kunstverk
Ofte kan det hjelpe å ha ein mal. Nokre
enkle prinsipp som ein er rimeleg trygg på dannar eit godt utganspunkt for
produktet. Robinson har gjennom si forsking funne eit rammeverk som synast effektfullt
for god skuleleiing. Ho skildrar ein leiar som er synlig og aktiv i elevane si
læring. Dette gjennom å sette tydelege og høge mål og forventingar, sjølv gå
aktivt inn i elevane og lærarane si læring og bidra til å være ei kjelde for
pedagogiske råd. Vidare er det essensielt å skape orden og trygge omgivnader.
Dette bør eg ha fokus på. Eg må tore å vere synleg og gå føre, vere eit god
døme, gå inn i bilete og bli ein del av det. Eg må samtidig våge å stille krav
og legge til rette for evaluering og vurderingar undervegs. Blir det bra, må vi
endre på noko, passar fargane saman? Blir totalen noko meir en enkeltelementa?
Her må eg som leiar legge til rette for
dialog og gå inn i ein prosess der ein dannar eit felles bilete på korleis vi
vil at det skal vere. Korleis skal resultatet sjå ut? Vi må ha felles mentale
modellar, ein felles visjon. Som leiar blir det mi oppgåve å ha
oversikta over heilheita slik at vi når målet. Ha omsorg for prosessen og passe
på at vi er i det same biletet og samar skaper eit kunstverk som rører.
Eg kan ikkje bruke tida mi på å vaske
penslar
Ein god
kunstar brukar ikkje størsteparten av tida si på å vaske penslar eller innkjøp av utstyr. Mykje tyder på at det er ein tradisjon for at leiarar i
skulen nettopp brukar største delen av tida si på administrative oppgåver som eksempelvis organisering av klasserom og innkjøp. Dette har liten effekt på elevane si
læring.
Eg må
passe meg vel for å ikkje henfalle til å vaske penslar. Eg må male og eg må gå inn i kjernevirksomheita, eg må bli ein del av maleriet. Truleg vil bilete endre seg med aukande kompetanse og erfaring. Klarer eg å kvile i
kaoset og det kreative utan trong for å leite etter dei rette linjene klarer eg
forhåpentlegvis å utvikle meg som leiar lik ein god kunstnar, med berre himmelen som øvste grense.Kloke ord med på vegen...
Lenker:
Hundertwasser: http://www.hundertwasser.com/item/object-list/?type[]=jw
Mintzberg: http://www.magma.no/ledelse-kan-ikke-laeres-i-et-klasserom
Mintzberg: http://www.magma.no/ledelse-kan-ikke-laeres-i-et-klasserom
Nordahl,Thomas: http://www.hihm.no/Prosjektsider/SePU/Ansatte/Thomas-Nordahl2
Robinson, Viviane: https://unidirectory.auckland.ac.nz/profile/vmj-robinson
Student-Centered Leadership: http://www.amazon.com/Student-Centered-Leadership-Viviane-Robinson/dp/0470874139
Visible learning: http://www.amazon.com/Visible-Learning-Synthesis-Meta-Analyses-Achievement/dp/0415476186
Ogden, Terje:http://www.ogden.no/biografi.php
Ogden div. publ.http://www.ogden.no/publikasjoner.php
Strand,
Torodd. 2007. «Ledelse, organisasjon og
kultur» Fagbokforlaget
Schein Edgar H.: http://en.wikipedia.org/wiki/Edgar_Schein#Publications
Schein:, Edgar, H http://www.amazon.com/Organizational-Culture-Leadership-Edgar-Schein/dp/0470190604
Bilete:
Bilete:
Trykte kjelder:
Martinsen, Øyvind
Lund. 2012 “ Ledelse og kompetansestyring”,
I Perspektiver på ledelse, redigert
av Øyvind Lund, Martinsen, 209-239. Oslo: Gyldendal Akademisk
Mintzberg, H. (1998): «Ledelse kan ikke læres i et
klasserom.» Intervju,Magma nr. 1
Robinson, Viviane. 2011.
“Student Centered leadership”. Wiley
Schein, Edgar H. 1987. “organisasjonskultur og ledelse. Er kulturendring mulig? Oslo:Mercuri Media
Senge,
Peter. 1999. “Den femte disiplin.-
Kunsten å utvikle den lærende organisasjon”. Egmont hjemmets bokforlag.